Discussion:
Ei blå-blå NSPD-regjering
(too old to reply)
Per Bjørn Pedersen
2013-11-08 15:06:53 UTC
Permalink
Raw Message
Eg har i løpet av det siste halve året eller so fått ei rekke e-postmeldingar
frå folk som fortvilar over at NSPD no i praksis er eit døyande forum. Dette
skuldas ikkje berre spaminga til den svenske psykopaten Mikael Forsberg, men og
at klassiske forumtroll som H.P. Nenseth og C. Lund ikkje har vist seg i forumet
på lang tid.

I eit forsøk på å gjere noko med den fråverande aktiviteten i forumet følgjer eg
her opp eit forslag i ei e-postmelding som eg mottok for eit par veker sidan om
å setje opp ei tenkt blå-blå regjering med utgangspunkt i debattantane i NSPD.
Ettersom det knapt er aktivitet her om dagen består lista stort sett av
tidlegare debattanter. Personar som det i forumet er kunngjort er døde, til
dømes Hermann Fritz, har sjølvsagt ikkje vore aktuelle for denne regjeringa.

Eg har elles sett at liknande forsøk har vore gjort her fleire gonger tidlegare,
då med til dels oppkonstruerte og kunstige ansvarsområde for dei ulike
departementa. Eg har vald ei meir seriøs linje og tek utgangspunkt i departe-
mentsinndelinga i den sitjande Høgre og FrP-regjeringa. Grunna manglande
kvinneleg representasjon i forumet har eg ikkje funne det mogleg ta å omsyn til
nokon kjønnsbalanse i regjeringa. Val, vraking og vurdering av dei ulike
kandidatane har sjølvsagt vore gjort ut frå ein strengt nøytral ståstad.
Bokstavane (R) = Radikal og (M) = Moderat i tilknyting til kvart enkelt
regjeringsmedlem syner kva fløy på borgarleg side desse må reknast å høyre
til. (R) er typisk landskapet rundt FrP og Demokratane, medan (M) er typisk
landskapet rundt Høgre, Krf og Venstre. Eg har søkt å finne fram til ein
rimeleg balanse mellom desse fløyene i denne regjeringa.

Statsminister: Bård Hermansen (R)
Ein ryddig debattant med stort politisk gangsyn som er å oppfatte som ein
naturleg samlande og målbevisst leiar av eit slikt team.

Miljøvernminister: Isachsen (M)
Ein klar nummer to i regjeringa. Som debattant har han synt solid innsikt og
høg debattmoral i forumet.

Utanriksminister: Jarle Synnevåg (R)
Ein solid, klarsynt og ikkje minst modig debattant som har synt stor forståing
av kva som er dei viktigaste internasjonale politiske utfordringane i verda
i dag.

Arbeidsminister: Sigvald (R)
Ein fargerik og herleg frittenkjande debattant som har synt stort engasjement
på vegne av den uskuldige tredjepart (dvs. vanlege, uskyldige folk) i debattar
om arbeidskonfliktar.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister: Bjarte Runderheim (M)
Ein reflektert debattant, kjent for å være særleg rakrygga i familiepolitiske
saker.

Finansminister: Odd Erling N. Eriksen (M)
Ein reflektert og sakleg debattant med eit solid politisk grunnlag i høve til
økonomisk politikk.

Fiskeri- og kystminister: Claus Jørstad (R)
Nordlending med naturleg engasjement på dette feltet.

Forsvarsminister: Dag Ragnar Pettersen (R)
Særs solid og rakrygga debattant som synte stort og ekte engasjement og grundig
militærteknisk og militærpolitisk innsikt i debattane omkring Irak-krigen i
2003. Ein lojal forsvarar av vestlege interesser på den internasjonale arenaen.

Helse- og omsorgsminister: JAG (R)
Ein solid, innsiktsfull og heiderleg debattant.

Justis- og beredskapsminister: JM Skogan (R)
Ein solid, innsiktsfull og ærleg debattant med djup innsikt og forståing i
innvandringsdebatten.

Kommunal- og regionalminister: Trond Ruud (R)
Ein solid, innsiktsfull og heiderleg debattant.

Kulturminister: Georg Lavik (R)
Ein solid, innsiktsfull og ærleg debattant med djup innsikt og forståing for
behovet for å verna om det genuint norske og den norske kristne kulturarven.

Kunnskapsminister: Torkill Bruland (M)
Ein solid, innsiktsfull, høgst sakleg og ærleg debattant, med djup innsikt i
politisk etikk.

Landbruks- og matminister: Oscar Nilssen (M)
Ein solid, innsiktsfull og heiderleg debattant med stor forståing for
forbrukarane sine interesser.

Nærings- og handelsminister: Kaare Lilleng (M)
Ein reflektert og sakleg debattant med eit solid politisk grunnlag i høve til
økonomisk politikk.

Olje- og energiminister: Onar Åm (M)
Ein særs kunnskapsrik debattant med djup vitskapeleg innsikt i klima-
og energispørsmål.

Samferdsleminister: Trond Svendsen (R)
Ein solid, innsiktsfull og ærleg debattant.

Statsråd ved statsministerens kontor: Stein (M)
Ein innsiktsfull og rettferdig debattant.

Med vennleg helsing
Per Bjørn Pedersen
Sigvald
2014-09-02 12:18:41 UTC
Permalink
Raw Message
Post by Per Bjørn Pedersen
I eit forsøk på å gjere noko med den fråverande aktiviteten i forumet
følgjer eg her opp eit forslag i ei e-postmelding som eg mottok for
eit par veker sidan om å setje opp ei tenkt blå-blå regjering med
utgangspunkt i debattantane i NSPD.
Og det ser det ut til at du har klart svært bra. En slik regjering hadde utvilsomt ført en meget bra politikk. Jeg savner dog en tungvekter som Edvin Vik.
Post by Per Bjørn Pedersen
Arbeidsminister: Sigvald (R)
Ein fargerik og herleg frittenkjande debattant som har synt stort
engasjement på vegne av den uskuldige tredjepart (dvs. vanlege,
uskyldige folk) i debattar om arbeidskonfliktar.
Takk for tilliten!
Jeg ville nok så langt opptrådd omtrent som vår nåværende dyktige arbeidsminister Robert Eriksson. F.eks. ville jeg ikke ha grepet inn i lærerstreiken ettersom den ikke har vært til større sjenanse for den uskyldige tredje part. Derimot ville jeg sterkt vurdert bruk av tvungen lønnsnemnd i den pågående streiken i varehandelen fordi denne først og fremst rammer små butikker/bedrifter med begrenset lønnsevne.

Sigvald
Hans Petter Nenseth
2014-09-03 08:04:04 UTC
Permalink
Raw Message
Post by Sigvald
F.eks. ville jeg ikke ha grepet inn i lærerstreiken ettersom den ikke har vært til større sjenanse for den uskyldige tredje part.
Sigvald
Ikke vær dum.

Dvs, med det skolevesenet vi har, som har sluppet slike som deg gjennom, er det kanskje likegyldig om folk er på skolen eller ikke?



Loading...