Discussion:
Definisjon av "offentleg person"
(too old to reply)
Svein Erik Fotland
2013-05-27 11:17:50 UTC
Permalink
I tråden "Kvinne døde i Stavanger - Politiet svikter":
http://groups.google.com/group/no.samfunn.politikk.diverse/browse_thread/thread/fbfbf96992645921#
har det i det siste vært reist spørsmål som gjer det naudsynt å
avklare kva som er ein rimeleg definisjon av kven som er å rekne for
*offentleg person*. Den amerikanske definisjonen av ein «public
figure» er ein grei plass å starta. Der skil ein mellom fleire
kategoriar «public figure».

a) "Public figure" er anten ein offentleg tenestemann eller ein annan
person som er gjennomgripande involvert i offentlege saker.

b) "Limited public figure" som er personar som oppnår offentleg
merksemd i avgrensa samanhang.

c) "Involuntary public figure" som er personar som oppnår offentleg
merksemd, utan at dei sjølve har ønska eller teke initiativ til dette.

Kort sagt kan ein vel dermed seie at ein offentleg person er ein
person som oppnår offentleg merksemd rundt sin person. Jo større denne
merksemda er jo meir offentleg må ein vel kunne seie at ein person er?

Det neste spørsmålet ein då støyter på er kvar grensa går mellom
offentlege personar sitt personvern og omsynet til allmentas rett til
innsyn i saker som er viktige for samfunnet, eller av andre årsak er
av stor ålmenn interesse. Denne grensegangen er ofte tema for debatt,
men det synest klart at levande personer naturleg nok må ha eit
sterkare personvern enn døde personar.

Kva så med kvinna som døyde i Stavanger? Slik eg ser det, må ho kunne
seiast å falle inn under kategori c, altså ein ufrivillig offentleg
person. Dette vart ho som følgje av medienes spontant sterke fokus på
saka som ei mogleg kriminalsak. I og med at kvinna døyde vart, slik eg
ser det, også behovet for å verne om hennar identitet svekka.

So vil ein sjølvsagt kunne diskutere i det vide og det breie om det
var greitt eller ikkje å finne fram til den døde sitt namn ut frå hint
i media. Her, som så ofte elles finst det ikkje absolutte fasitsvar.
Det næraste ein kan komme i retning av objektive svar på slike
spørsmål er gjere som i jussen, nemleg å skjele til kva som er vanleg
i tilsvarande eller liknande tilfelle. Gjer ein det vil ein nok finne
at det vanlege i slike saker ofte er at den døde sitt namn vert gjort
kjent, medan eventuelle sikta personer vert anonymiserte.

Svein Erik
c***@getmail.no
2013-05-27 13:04:09 UTC
Permalink
Post by Svein Erik Fotland
Kva så med kvinna som døyde i Stavanger? Slik eg ser det, må ho kunne
seiast å falle inn under kategori c, altså ein ufrivillig offentleg
person. Dette vart ho som følgje av medienes spontant sterke fokus på
saka som ei mogleg kriminalsak. I og med at kvinna døyde vart, slik eg
ser det, også behovet for å verne om hennar identitet svekka.
Du er som en torgkjerring som forsvarer at hun sitter med kikkert inn i naboens vinduer. Andres privatliv raker ikke dere. Punktum.

All den oppblåste høytideligheten til tross, dere to eier ikke folkeskikk. Hvordan ville du likt det om jeg offentliggjorde privatinformasjon om deg? Lettere sagt enn gjort, selvsagt, tatt i betraktning at du skriver under et falsk navn. Kanskje like greit, siden du kan beskrives som en "Limited Public Figure."

Kanskje vi burde kreve at du offentliggjør ditt virkelige navn?
Post by Svein Erik Fotland
Svein Erik
Svein Erik Fotland
2013-05-27 16:59:23 UTC
Permalink
Post by c***@getmail.no
All den oppblåste høytideligheten til tross, dere to eier ikke folkeskikk. Hvordan ville du likt det om jeg offentliggjorde privatinformasjon om deg? Lettere sagt enn gjort, selvsagt, tatt i betraktning at du skriver under et falsk navn. Kanskje like greit, siden du kan beskrives som en "Limited Public Figure."
Tosk!

NSPD og liknande fora er ikkje ein offentleg arena på linje med
massemediene.

Svein Erik
Hans Petter Nenseth
2013-05-27 21:00:08 UTC
Permalink
Post by Svein Erik Fotland
NSPD og liknande fora er ikkje ein offentleg arena på linje med
massemediene.
Hva baserer du den antagelsen på?
--

Christer Solskogen
2013-05-27 21:06:10 UTC
Permalink
Post by Svein Erik Fotland
Post by c***@getmail.no
All den oppblåste høytideligheten til tross, dere to eier ikke folkeskikk. Hvordan ville du likt det om jeg offentliggjorde privatinformasjon om deg? Lettere sagt enn gjort, selvsagt, tatt i betraktning at du skriver under et falsk navn. Kanskje like greit, siden du kan beskrives som en "Limited Public Figure."
Tosk!
NSPD og liknande fora er ikkje ein offentleg arena på linje med
massemediene.
Tja, så lenge det er fler enn 20-30 personer så.
--
chs, for fellesskapets beste.
Loading...