Discussion:
Nokre ord om avlidne newsarar og news-aatferd
(too old to reply)
Per Bjørn Pedersen
2012-09-21 13:18:14 UTC
Permalink
2011 vart eit vondt år for NSPD på den måten at det i løpet av året
vart gjort kjent at tre tidlegare debattanter (Hermann Frittz, Dag
Fjellby og John Hilt) har gått bort. Berre eit fåtall NSPDarar har
synt sopass til folkeskikk at dei har tatt seg tid til å kommentere
dette. At alle desse tre avlidne kan karakteriserast som kverulantar
med tidvis upassande news-åtferd er ingen unnskyldning i så måte.
Uansett kva eg elles måtte meine om dei avlidnes news-åtferd synest eg
sjølvsagt at det er trist at dei no har gått bort. Særlig trist er det
at både Fjellby og Hilt ser ut til å ha gått bort i ein altfor ung
alder.

Når temaet no likevel er avlidne newsarar høver det òg å nemne at ein
vaken lesar for ei tid sia sendte meg ein mail der eg vart gjort
merksam på at den avlidne newsaren Erik Naggum sin
yndlingskranglefant, kverulanten Espen Vestre, har kommentert Naggums
bortgang i den obskure gruppa no.alt.frustrasjoner. Vestres kommentar
skulle sjølvsagt òg ha vorte posta i NSPD, den gruppa der Naggum (i
følgje tilgjengeleg statistikk) var mest aktiv i, og der dei to braka
saman utallige gonger. Det vart han ikkje, verken då Vestre først
skreiv kommentaren sommaren 2009, eller då eg oppmoda han om å
kommentere Naggum sin død i NSPD-forumet hausten 2010. Takka være den
vakne tipsaren skal kranglefanten Vestre sleppe å døy i synda. Då det
er rimelig å anta at dette har ålmenn interesse her i NSPD siterer eg
kommentaren hans i sin heilskap:

-----
Espen Vestre
21. Jun. 2009
Newsgroups: no.alt.frustrasjoner
Subject: Re: RIP Erik Naggum (1965-2009)

Det var trist å høre, men ikke så uventet, siden jeg visste han var
alvorlig syk - selv om jeg nylig hørte om nye behandlingsformer som
jeg trodde kanskje også kunne komme ham til nytte.

Jeg skulle ønske jeg hadde rukket treffe ham en gang til - til tross
for våre bitre newsfeider for et par år siden tror jeg vi kunne funnet
tilbake en god tone over en øl e.l. Den Erik Naggum jeg holdt
mailkontakt med nå og da om faglige spørsmål helt siden for 15-20 år
siden var hjelpsom og svært dyktig, og den Erik Naggum jeg ved noen få
anledninger traff "IRL" var en svært hyggelig og engasjert mann som
jeg gjerne skulle ha blitt bedre kjent med.

RIP
-----

Vestre sin kommentar i si originale form kan elles lesast her:
http://groups.google.com/group/no.alt.frustrasjoner/msg/afcbfc230b806d95

Så kan ein berre undre seg over kvifor Vestre har vært så motvillig
mot å gjere denne kommentaren kjend her i NSPD. Ja, kvifor – Espen
Vestre? Kva er det eigentleg her som du er så redd for? Føler du
kanskje at det er litt flaut at du, då du skreiv denne kommentaren,
tydelegvis ikkje klarte å manna deg opp til å nytte anledninga til å
ta litt att mot Naggum for dei utallige utskjellingane hans av deg?
Jau, du er nok feig, men det var ikkje då du lot være å ta att mot
Naggum at du var feig. Det var då du vegra deg for å gjere kommentaren
kjend i NSPD-forumet at du verkeleg var feig. Trur du Naggum hadde
vært like feig dersom situasjonen hadde vore motsett?

Med vennleg helsing
Per Bjørn Pedersen
Thomas Lundquist
2012-09-23 19:04:45 UTC
Permalink
Post by Per Bjørn Pedersen
Så kan ein berre undre seg over kvifor Vestre har vært så motvillig
mot å gjere denne kommentaren kjend her i NSPD. Ja, kvifor – Espen
Vestre? Kva er det eigentleg her som du er så redd for?
Kanskje han rett og slett har forstått hvordan Usenet funker?

At Naggum døde er verdt å frustrere over, derfor poster man der.



ez
--
Med infrastruktur bygger vi landet.

Siteringsproblemer? : http://www.bersvendsen.com/usenet/quoting.html
Loading...